Det var ein gong ein ulv ..


... som kom frå Russland/Finland og labba på eigen pote nedover Sverige. I november var han på svenskesida aust for Trøndelag. 4. desember meldte Miljødirektoratet at det dreide seg om ein ulv med framande og friske gener som den skandinaviske ulveflokken sårt trenger. Fylkesmannen i Nord-Trøndelag stoppa lisensjakta aust for E6, men etter eit par dagar møttast rovviltnemnda som sa at ein ulv er ein ulv og ulv bør ein skyte. Heldigvis hadde ulven vett nok til å halde seg på svenskesida.

Naturvernforbundet ba Miljødepartementet gripe inn. 18. desember gjorde departementet om området for lisensjakt, slik at ulven skulle få fritt leide gjennom Engerdal og ned til forvaltingssona for ulv der det ikkje er lisensjakt. Elles på året kan jo kommunane få fellingsløyve på 14 minutt etter ein telefon, her gikk det 14 dagar før ein kunne innskrenka jaktområdet aldri så lite.

I dag melder avisane om at ulven blei skoten i ulvesona i Trysil på laurdag. SNO var på sporet, skulle prøve å følgje med dyret så ein visste kvar det var og ikkje kom ut i område med jakt. Det enda i ein blodpøl. Ein som hadde noko meir kjennskap til saka enn som så sit no i buret.

Det gikk ein debatt for nokre år sidan om ein skulle importere ulv frå Finland/Russland, eller krysse inn dyreparkulv, for å redusere problema med innavl. Svært omstridt. Så ein har håpa på at fleire ulvar skulle kome heilt av seg sjølv. Det kom ein slik ulv nedover i 2009, men han blei skoten i Snåsa.

I 2014 var det kvalpar frå eit litt mindre innavla kull som sjølvsagt skulle ut på tur. Ein blei skoten i Sykkylven, ein i Gudbrandsdalen. Året før var det vel ein slik ulv innom og gjorde noko ugreie i Sunndal. Etter at han gikk derifrå er det ingen som har sett han.

Slik er det altså å vere ulv i Noreg for tida.
Replies

Jegeren i Trysil burde hatt med seg hunddead
http://www.nrk.no/ostlandssendingen/jeger-skjot-alfahunnen-i-ostmarka_-men-slipper-straff-1.12717272

Ulveforvaltning i Norge følger SGT-metoden:
Skyt, Grav, Ti

AA