Slått av dragehode når det passer entreprenøren?


Korleis skal ein forstå denne dommen: http://www.dagbladet.no/2015/12/23/nyheter/innenriks/fredet/miljokriminalitet/rodlista/42506325/



- Det er greitt å slå dragehode 17. juni, eller 30. juni viss våren har vore sein?

- Det er greitt å slå dragehode 2. august sjølv om våren har vore sein, sidan lova seier at då har planta frødd seg?

- Det er greitt å slå dragehode i alle fall, berre ein ikkje øydelegg bakken?

- Viss ein ikkje slår, blir det i alle fall ugreitt, i alle fall for planta?

- Det er greitt å slå vegkantar berre ein kan køyre traktor?

- Kloke tingrettsdommarar treng ikkje lover sidan dei er i stand til å tenkje sjølv?

Dette går altså på miljøområdet. Er dette greie prinsipp på skatter og avgifter og i trafikken også tru?
Replies

Slik saken ble fremlagt i retten, er det kanskje ikke så rart at utfallet ble som det ble. Jeg vil nå si at det er positivt at det ble tatt ut tiltale.

Derimot stiller jeg meg tvilende til ekspertpåstanden om at dragehodeplantene ikke tar skade av å bli slått - også utenom blomstrings- og frøsettingsperiode. Men de gjør kanskje ikke det, om de slipper belastningen ved å sette frø? Til gjengjeld kunne jo frøene gitt opphav til mange nye planter...
I faktaark for drakehovud står det litt om område planta finst på. Kort oppsummert på rasmark, på grunnlendt kalkmark og på kulturmark. På dei to første typane areal er konkurransen frå annan vegetasjon liten, så der klarer planta seg utan hjelp. I kulturmark ser det ut til at slått/beite er nødvendig. Driv dei kantslått, så må ein vel rekne arealet som kulturmark, elles hadde det ikkje vore nødvendig med slått.

Vanleg skjøtselsråd når det gjeld slåttemark er å slå seint og så fjerne avlinga etter tørk. Slå seint for at plantene skal få blomstre og frø seg. Tørk av avling for at frø skal få ramle ned, og fjerning av avling for å unngå gjødseleffekt. I tillegg er det ønskjeleg med etterbeiting, dvs. at ein får trakk i marka slik at frø kjem i kontakt med jord.

Ein del planter kan tåle vårbeite fordi dei veks til etterpå og rekk blomstring og frøing før ein sein slått eller beiteperiode. Det er vel gjerne det som er grunnen til at planta skal få stå i fred frå 15. juni til 1. august.

Forskrifta om drakehovud seier ikkje så mykje om dette utover at den gir heimel for fylkesmannen til å fastsetje t.d. skjøtselsplan. Den aktuelle lokaliteten her ser ut til å vere ein naturtypelokalitet, og det er venteleg gjort avtale mellom Statens vegvesen og Fylkesmannen om korleis skjøtselen skal vere. Det ligg ikkje noko om skjøtsel i Naturbase så langt eg kan sjå. Men det er fine knausar som planta veks i. Tvilar på at ein kan kantslå utan ei viss utjamningseffekt, og då gjer ein vel skade på røtene vil eg tru.

Statens vegvesen har dei siste åra kartlagt både raudlisteartar og svartelisteartar, slik at skjøtselen skal bli tilpassa. Etter det eg veit så må entreprenørane innrette seg etter dette, og manglande tilpassing gir trekk i oppgjeret frå Statens vegvesen.

Viss ikkje saka blir anka blir vel konklusjonen at Fylkesmannen kan bestemme kva han vil utan at nokon treng bry seg. Så kan dei andre aktørane bøtelegge kvarandre på avtalerettsleg grunnlag. Slik tar vi altså vare på naturgrunnlaget.