Jordbær og resistens


Gråskimmelen herjar. Jordbærnæringa ropar på departementet etter hjelp.
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/jordbaer/vil-bekjempe-jordbaerangrep-med-forbudte-sproeytemidler/a/23743657/

Så kjem det opp ei løysing, dei vil sprøyte med middel som blei ulovlege å bruke for 20 år sidan.

1. Vil den gråskimmelen som no er blitt resistent forsvinne heilt når dei bruker det gamle middelet? Eg trur at om dei bruker det gamle middelet eit år og så bruker det som no ikkje verkar lengre, så verkar det framleis ikkje. Har vi fått resitent gråskimmel, så er det for alltid.

2. Monokulturar er vel eit nøkkelord. Jordbær har blitt industri, og ein har fått industriproblema.

3. Truleg er ein like bakpå i denne næringa som innan fiskeoppdrett. Ting har blitt for stort og ein strekker naturen så langt at det må bli problem.

4. Det går også ein diskusjon om jordbærprodusentane bør få kompensert sitt tap. Kva er det slags tanke? Blir ikkje det ei form for premiering til dei som har vore med på denne karusellen som måtte gå gale?

5. Det går også ein diskusjon om gråskimmelhistoriane går ut over salet. Viss dei løyser problemet med forbode sprøytemiddel, då bør salet i alle fall gå ned.
Replies

Det er en gammel lignelse om å drive djevelen ut med belsebub:

"Først streifer den onde ånden rundt i øde land, men så kommer den hjem igjen. Der er det feid, og ryddet, så den flytter tilbake. I lag med 7 andre..."

Virker som om jordbærbøndene har søkt hjelp hos hin håleevil

AA
Nationen har et innlegg om dette:
http://www.nationen.no/debatt/mer-gift-eller-mer-akologi/
I dag 27.7. 2016 krever det pålogging for å lese...

AA