Beitesjampinjong ?


Nede i tett gras på plen, like ved gangveg i Stavanger i går den 14/8. Det hadde regna mykje og soppane var svært fuktige. Hattdiameter 3 - 4 cm på dei minste og 6 cm på den største og ser ut til å ha fin skjellet hattoverflate. Stilklengde på dei minste er 5 cm og diameter 0,7 cm. Lite att av ringen. Hattkjøtt er kvitt. Lite lukt, men etter ei natt med noko opptørking, svakt anis. Lite fargeforandring, litt antydning til litt rødning i kanten av hatten på på den eine soppen.
Ikkje enkelt å halde styr på alle sjampinjongene. Det nærmaste eg kjem til på desse, er beitesjampinjong, A. campestris. Er det andre forslag på desse?
Replies

Ja, en beitesjampinjong.
Takksmile