Lyngvekst på hogstflate.

Snitz Forums MVC
https://www.sporenbiolog.no/Topic/Posts/81372?pagenum=1
24 Sep 2019 10:22

Topic


Myraheime
Lyngvekst på hogstflate.
28 Aug 2019 20:57


På min søndagstur, var det så flott å sjå på all den fine unge lyngen som hadde etablert på ei hogstflate her ute i Austevoll. Det er vel om lag 7-8 år sidan det blei hogga her. Før det blei hogga her, var nok det meste av botnvegetasjonen kvalt av sitkagran. Jamme fann eg ikkje "lykkelyng" også smile. Det var nok en frøbank i jorda frå tida før plantefeltet av sitkagran og buskfura. Det er nok å frykta at det også er komen ein frøbank av sitkagran og buskfura i jorda. Andre stader her er det betydeleg tilvekst av "2. generasjon" med sitkagran og buskfura. Utan skjøtsel er eg redd for det vil gro att av desse to framande artane, som i artsdatabanken blir skildra som "svært høg risiko" (stort invasjonspotensiale og høg økologisk effekt).

 

Replies ...


© 2000-{0} BIO