Sign In  Register

 

politisk styring av havforskningen????


Bergens Tidende hadde i går et oppslag under overskriften: «Sandberg: Forskerne skal være næringsvennlige». I ingressen leser vi at fiskeriministeren krever at forskerne på Havforskningsinstituttet skal være «positivt innstilt» til oppdrettsnæringen og at de skal dele målet om en «mangedobling av oppdrettslaksen.

Rektor ved Universitetet i Oslo reagerer sterkt på dette:


http://www.uio.no/om/aktuelt/rektors-blogg/2016/kjere-per-sandberg:-vi-trenger-en-forklaring.html


Replies

Er det ikkje det same som vi ser mange andre stader? Vi har noko som blir kalla lokal forvalting. Det er praktisert for stort rovvilt. Der fortel forskarane kor mange rovdyr det er og saueeigarane fortel kor mange sauer som ikkje kjem heim. Så er det opp til forvaltinga å balansere dette. Det kan ikkje gjerast vitskapleg, så følgjeleg er det berre politikarar som kan vege forskjellige omsyn mot kvarandre. Seier politikarane. Vi såg jo at politikarane takka nei til å få ein frå Miljøpartiet De Grønne inn i nemnda, for det kunne bli konfliktfylt, sjølv om det var ein politikar.

Same systemet forvaltar no alle våre store verneområde. Det er politikarar som veg dei ulike omsyna mot kvarandre og skjærer i gjennom slik at det kan bli ei avgjerd og ei utvikling, som dei seier, og dei kan bli attvalde.

Eg får stundom ei kjensle av at eg møter det same i spørsmål om skog og jord også. Når nokre av institusjonane som står landbruksdepartementet nær seier noko om ting som andre også driv på med, så gjer ein seg nokre tankar om ein del skilnader ein finn.

Miljødirektoratet gikk jo inn i rekka. Frå å klarlegge miljøkonsekvensar og overlate veginga av ulike omsyn til departementet som politisk organ, så fann dei jo ut kva som var fagleg rett i Naustdal. Eller var det berre rett? Eller feil? Men kva fag det etter kvart dreide seg om, det var det då.

Det kom også ein omforeint konklusjon om klimaskog for ei tid tilbake. Det blir vist til denne omforeinte greia også i framhaldet i den saka. Omforeint her er vedtatt politisk, og stakkarane som deltar har ikkje mykje dei kan seie om den saka.

Fylkesmannen hadde ein gong ei miljøvernavdeling som jobba fagleg. Det er mogleg ein del jobbar fagleg der framleis, men no får ikkje fylkesmannen seie høgt kva dei finn ut fagleg viss det ikkje stemmer med kva som er bestemt i Oslo. No er det ikkje kva som er fagleg rett som rår, men om kvoten på motsegner er brukt opp.

Det er klart at politikarane som ser denne utviklinga får blod på tann. Klart at forskingsinstitusjonar kan bli vennlege. Meiner ein ikkje det rette, så kjem vel ikkje pengane til forsking. Når Statoil skrur av kranene, så er det vel den andre staten som blir viktigare i finansieringa. Når denne staten får eiga vilje, så er det jo ikkje berre lett for mottakar å seie nei takk. Tenker politikarane.

Då er det berre emeritusane ein kan stole på om ei stund.

Hvis Sandberg mener at en brødskive du mister, skal havne i taket med smørsida ned, så gjør den jo det. Naturligvis!
Det er vel enkelte som aldri skulle ha vært politikere? wink

Kopi av melding:
Opprinnelig postet av steinn

Det er vel enkelte som aldri skulle ha vært politikere? wink




Tja. Viss dei ikkje er politikarar, kva burde dei heller vere for noko? Forskar?
Jeg tror Sandberg kunne gjort seg som bartender eller drosjesjåfør. Han er jo så folkelig.