Sign In  Register

 

Sauebeite mot flått og kva meir?


Nationen er yr, dei kan melde at favorittdyret er løysinga: http://www.nationen.no/naering/tar-i-bruk-sauer-som-flayttmiddel-pay-ayene/

Er det nokon som veit kva stader det er tale om og kor lenge sauene er på beite?

Det kan sjølvsagt gå godt.

Men det kan også vere ei katastrofe vi høyrer om her. Viss sauen blir sleppt ut på øya om våren og beiter utover heile sommaren og hausten, då kan nok vegetasjonen vere fint barbert og flåtten vere på veg ut. Men ein sau som beiter slik har ein tendens til å ete opp kvar einaste orkide. Ein del av raudlisteartane elles står også høgt på menyen. Dermed er det ein del raudlista insekt t.d. som også kan slite fordi vertsarten som er sjeldan frå før blir endå sjeldnare.

Viss den tradisjonelle bruken av øya har vore slått og så etterfølgjande beite, blir det noko heilt anna enn beite heile sommaren. Beiting med kviger t.d. kan også gi eit ganske forskjellig resultat frå sauebeite.

Sauebeite heile sommaren vil nok normalt berre vere rett skjøtsel der den tradisjonelle skjøtselen var - ja nettopp sauebeite heile sommaren.

Er det nokon som veit meir om det Nationen skriv om?
Replies

Hei Øystein, viktig sak du tar opp her!
Her på Flekkerøy(Kristiansand) hvor jeg bor har jeg sett hvordan helårs overbeite av villsau og geiter påvirker insektlivet. Fotografering/rapportering av insektene er min store interesse. Mine tidligere favoritt områder ble forvandlet til måne landskap. Av synlige insekter som f.eks bier, sommerfugler,teger,,blomsterfluer,planteveps +++ vil jeg tippe at ca 75-80% forsvant. Alikevel snakkes det så fint om artsmangfold og sauefolka presser på for å få flere områder til det de mener er "redningen" for skjærgården. Her på Flekkerøy har jeg fotografert ca halvparten av Norges blomsterflue arter. Mener derfor at det er artsrikt her og jeg tenker med gru på hvor mange slike plasser som blir ødelagt. Heldigvis er det ennå områder her som sauen ikke er sluppet til på. Det er også ting som tyder på at dem som forvalter området ( Oksøy- Ryvingen landskapvernområde) nå ser at det har vært for hardt beitet.
Mvh
Frank
Det er et gammelt ord som sier: "Den som eier en hammer, tror at alt er spiker!"

For mange år siden, ble det fra politisk hold slått fast: "Sauer er ålrigthe dyr!"

Her har vi to problem, og forvaltningen sjangler fra den en grøfta til den andre: Gjenngroing er helt klart et problem flere steder. Et norsk "klimakssamfunn" er som regel ikke spesielt artsrikt. Det er selvsagt ikke et snaubeita område heller.

AA
Dette er jo allerede et stort problem ved Grimstad, hvor sau spiser opp narrmarihånd.

Men det jeg først og fremst la merke til da jeg var på Kalvehageneset ifjor, var de uhorvelige mengdene med sauelort. Så massiv gjødsling vil garantert endre vegetasjonen i seg selv.



orkideer i norge | www.maculata.com
I samband med skjøtselsplanar for slåttemark reknar vi ikkje møkk som noko problem i samband med haustbeite. Då har ein tatt vekk næring tidlegare på året, og beitinga blir eit nullrekneskap så omlag når det gjeld næring. Då får ein omsett gras og kvist til møkk, og det er ofte greitt.

Det er klart at viss beitinga skjer heile sommaren, så går det ikkje ut så mykje næring av kretslaupet, og då er møkka eit større problem.

Blir det tilleggsfora, blir det nesten som å gjødsle ekstra.

Viss ein rydder kratt og skog, vil ein dei neste åra få ein gjødselverknad i form av at rotnettet rotnar og frigjer næring.

Det er mykje som kan gå gale i slike prosjekt.