Klattbeger - Pachyella babingtonii?


Fann denne i dag- på to lokalitetar i nærleiken av kvarandre (eg trur i alle fall at begge det er den same). Begge var på gjennomvåt stokk/grein i bekkefar. På det første funnet var stokken heilt porøs og utan bark. Det andre funnet var på ei tynnare grein, der barken enno sat på. Skog med mykje gran, i tillegg einer, bjørk, osp, rogn, selje, fuktsig frå myr ned mot elv. Eg såg at Ingvild hadde eit funn av ein som liknar, og ho fekk forslag på Pachyella babingtonii. Eg lurer på om dette også kan vere den.

Funn 1:

Funn 2, som er litt lysare i fargen:

Dei kvite prikkane som visest på funn 2 er den her:
Replies

Slike må mikroskoperes.
Per M.
Sukk - ja! Eg hadde vel rekna med å få det svaret. Eg får tørke den til så lenge.
Tusen takk til Eddi som har mikroskopert dei her. Dei to første er klattbeger, Pachyelle babingtonii. Dei små kvite kulene er Bulbillomyces farinosus - og det er ein ny art for Trøndelag. smilesmile