Problemer med import fra Excel til Artsobservasjoner

Snitz Forums MVC
https://www.sporenbiolog.no/Topic/Posts/72440?pagenum=1
18 Mar 2019 19:24

Topic


Limnoan
Problemer med import fra Excel til Artsobservasjoner
01 Jan 2019 15:52


Jeg har prøvd å legge inn årets fangst i Artsobservasjoner, men får feilmelding fordi postene blir feil plassert.

Maks dyp havner for eksempel som usikker bestemmelse.
Kort sagt importen er ute av register.
Nå har jeg strøket en del opplysninger, så gikk resten innangryevildead

 

Replies ...


Øystein F
01 Jan 2019 23:17


Det kom nytt rekneark for nokre få veker sidan. Som vanleg ordnar eg litt med reknearket så eg kan kopiere ei line frå karplanter til sopp osb. Då må eg legge inn ei eller to kolonnar som står blanke på nokre av artslistene. Men så må eg huske å stryke dei igjen før eg legg dei over. Viss eg ikkje stryk desse kolonnane, kjem teksten min ut i feil kolonne. Det er jo trøbbel i alle fall, men i kolonnar det ikkje er rom for fritekst, så blir det feilmelding.

No i jula var eg ute for at arket dreiv med autokorrektur. Det er irriterande greier, og omtrent umogleg å få skrudd av. Vanlegvis gir korrekturen seg viss ein retter eit par gonger. Men eg skreiv Berg gård i lokalitetsrubrikken, og det blei retta til Berg gard kvar gong. Eg kunne ikkje skrive det inn i artskolonna heller. Men gørd og gærd gjekk bra, så norske bokstavar var ikkje problemet. Dessutan kunne eg skrive gråspurv både her og der, utan at "å" blei retta til a. Eg var innom og henta nytt rekneark som eg ikkje har preparert, og det var same trøbbelet der også.

Det blei feilmeldingar på alle liner med ny lokalitet, berre slike eg bruker til fugl som er faste gjekk gjennom utan feilmelding. Eg har spurd Artsobservasjoner om kva som er problemet, for eg skjønar det ikkje.


Limnoan
02 Jan 2019 08:40


Jeg brukte ferskt skjema, lastet ned i går. Men, det var helt ute av register. (Arket for virvelløse dyr.)
Løsningen var å slette opplysninger som havnet feil, slik at en del kolonner ble stående blanke.
Det ser også ut til at det er noen "tvungne valg", altså felter der en bare kan fylle inn forhåndsbestemte variable, som ikke fungerer helt i Excel? For eksempel under registering av biotop. (I det minste slet jeg med å finne ut av det.)

Noe annet er at programmet er allergisk mot forkortelsen sp. Du kan registere slekt, men ikke en uspesifisert art, species = sp. Ikke bare får du feilmelding, men hele posten kommer ut av register.

Synes Artsobservasjoner er svært viktig. Derfor har jeg lett for å gå av skaftet, om ikke alt går på skinner...
Øystein F
02 Jan 2019 17:37


Biotop viser til nemningar som finst i NiN. Nemningane kjem fram i registreringsordninga, men ikkje som rulletekst i reknearket etter det eg kan sjå. Ein er heilt nøydd til å skrive med dei same feila som ligg i Artsobservasjoner. Skriv ein bindestrek på feil stad, så blir det raud feilmelding. Artsdatabanken vil nok gjerne ha rett nemning så dei kan køyre statistikk med store datamengde. Men dette er så tungvint at eg nyter å bruke fritekstkolonna ved sidan av i staden. Skrotemark er jo så flott eit uttrykk på ein del som i NiN kjem ut som ein skulestil med for få punktum. Skog og myr er jo også flotte nemningar, og blir korrekte i motsetnad til når ein prøver seg på svak lågurt, og atlantisk høgmyr som nesten alltid har terrengdekkande myr som tilleggselement og må målast med jordbor og nivellerkikkert.

For fugl finst det nokre parhestar; Ubestemt rødnebbterne/makrellterne t.d. Slike kunne vi hatt bruk for på karplanter også. Sitkagran kan ikkje bestemmast, men det som ligg nærast sitkagran kunne ha vore ubestemt sitkagran/lutzgran. Barlind/hybridbarlind, bergfuru/buskfuru og japanlerk/hybridlerk er fleire slike umoglege parhestar. Å registrere desse til slekt er betre enn ingenting, men kjennast ikkje optimalt ut.

© 2000-{0} BIO